Hovudside

Frå Kdkwiki

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Velkomen til wiki for Digital Kompetanse i Forvaltninga

På denne wikien vil du finne viktig og aktuelt stoff om digital kompetanse i forvaltninga. Wikien er oppretta av Høgskulen i Sogn og Fjordane som er "knutepunktsansvarleg" for digital kompetanse i "Ressursnettverket for eForvaltning". Sjølve nettverket er finansiert gjennom Verdikt-programmet i Noregs forskningsråd.

Målet er at både forskningsmiljø, offentlege verksemder og IKT-bransjen skal bidra til wikien med relevant fagstoff. Førebels kan wikien berre endrast på av registrerte brukarar (bruk lenkja oppe til høgre eller gå direkte til registreringssida), men på sikt er målet å leggje til rette både for diskusjonar og kompetansedeling.

Du finn meir informasjon om prosjektet og orgganisasjonane og personane som er involverte i menyen på venstre side. Nedanfor vil du finne stoff om korleis desse organisasjonane på ulike måtar har engasjert seg i utvikling av digital kompetanse i forvaltninga. Du vil også finne lenker til interessante studier.

Innhald

Begrepet 'digital kompetanse' vert definert på ulike måtar. Den definisjonen som har fått størst gjennomslag vart utvikla av ITU i 2005 og var primært retta mot skuleverket:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet"(Digital Skole hver dag, ITU, 2005). Meir om komponentane i begrepet finn du her.

Vox har sidan gått vidare med denne definisjonen og konkretisert eit sett kompetansemål. Desse skal vere eit hjelpemiddel for å tilpasse opplæring innanfor dette feltet for vaksne slik at dei vert istand til å kunne bruke og nyttiggjere seg digitale verktøy og tjenester knyttet til et bredt spekter av oppgaver og utfordringer i faglege så vel som daglegdagse samanhengar. Lenke til desse finn du her.



I tida framover vil vi som jobbar innanfor knutepunktet prøve å få oversikt over:

  • miljø som på ulike måtar jobbar med temaet 'digital kompetanse i forvaltninga'
  • kartleggingar som er gjort av digital kompetanse i kommune-Noreg
  • kartleggingar som er gjort av kompetansebehov innan ikt i kommunane
  • modellar for heving av den digitale kompetansen i kommunane
  • verktøy for måling av den digitale kompetansen i arbeidsstokken

Verktøy

Kome i gang

Personlege verktøy