Mini ROV som Sub Aqua Tech AS nyttar

Hovudprosjekt om ROV

Dette prosjektet er ei avsluttande oppgåve ved ingeniørutdanninga til Høgskulen Sogn og Fjordane og inngår i studieplanen. Oppgåva gjev 20 studiepoeng og timetal pr student er satt til 500 timar. Val av oppgåve vart gjort med tanke på seinare arbeid og var den oppgåva vi fann mest interessant. Vi er 2 studentar som arbeider med oppgåva og på denne nettsida kan ein lese om nyhende, prosjektbeskriving samt forprosjektrapport og hovudprosjektrapport .

 

ROV står for Remotely Operated Vehicle og det gruppa har tenkt å lage er ein ROV som skal kunne brukast under vatn. Det skal byggast ein slitesterk og brukarvennleg ROV. Dette inneber planlegging av design, val av delar, tettleik, styringsløysing og økonomi. Det er mange måtar å bygge ROV på og det er berre fantasien som set grenser. Det er viktig å undersøke kva som er gjort tidlegare og kva som er dei beste løysningane ut frå dette. ROVen skal kunne brukast ned mot 20 meter. Den skal ha kamera og skal fjernstyrast frå land.

 

For at produktet ikkje skal verte for kostbart, er det lurt å undersøke marknaden og leverandørar av utstyr for å få ein best mogeleg pris. Noko av utstyret som t. d. ROVkroppen, går det an å bygge sjølv. Den største utfordringa er truleg å gjere utstyret vasstett. Val av styringsløysing og kva utstyr som er nødvendig er ein del av planlegginga. Den ferdige ROVen bør testast og prøvekøyrast i basseng før ein prøvekøyrer den i sjøen. Dette for å utbetre lekkasjar, oppdrift, framdrift og andre faktorar.

 

Det ferdige produktet av dette prosjektet skal vere ein ROV med brukarrettleiing og ein rapport.

Hovudprosjekt

ROV

Vår ROV i grovdesign. I forhold til Sub Aqua Tech sin utgåve har vi vinkla motorane utover for meir kraft ved manøvrering, og flytta vertikalmotorane ut av sylinderen.