Hovedprosjekt
Hovudprosjektet ved høgskulen har eit omfang på 20 studiepoeng, og går kvar vår for studentane i 3. klasse. Kravet for å få ta hovudprosjektet er at ein har bestått 120 studiepoeng i emne på 1., 2. og 3. årstrinn. Prosjekta blir gjennomført i prosjektgrupper på 2- 4 studentar.
Prosjektperioden blir delt opp i forprosjekt og hovudprosjekt, og arbeidet med prosjektet startar første veka etter nyttår 2011. Oppdragsgjevar er verksemda eller institusjonen som oppgåva vert utført for, evt. AIN sjølv. Eksterne verksemder utnemner ein kontaktperson som prosjektgruppa nyttar i sin kontakt med verksemda.
Forprosjektperioden varer i ca. 7 veker, med innlevering av forprosjektrapport i slutten av februar. I forprosjektet skal gruppa etablere presist/presise hovudmål og delmål, finne ulike alternativ for løysing av oppgåva, vurdere desse opp mot kvarandre og gjere val for det vidare arbeidet med omsyn til mellom anna kostnader, teknisk kompleksitet og tidsressursar. På grunnlag av dette skal det setjast opp framdriftsplanar og budsjett for hovudprosjektet. Det vil også vere aktuelt med konkretisering, innsnevring, utviding eller modifisering av oppgåva.
Det skal skrivast avtale med oppdragsgjevar. Når det gjeld oppdragsgivar si eventuelle dekking av utgifter (ma. reise , kost og losji) kan det vere lurt at dette vert formalisert ved ei godkjenning av budsjett i forprosjektrapporten.
Prosjektavtalen mellom oppdragsgjevar, prosjektgruppa og AIN blir signert etter at forprosjektet er godkjent. Hovudprosjektet startar etter at forprosjektet er godkjent, og kvar gruppe skal ha faste oppfølgingsmøte med sin ansvarlege rettleiar.
Etter levering av sluttrapporten skal kvar enkelt prosjektdeltakar ta del i ein munnleg presentasjon av prosjektet. Tidspunktet for denne er i månadsskiftet mai/juni. Presentasjonen skal vere 20 – 30 min. for kvar hovudoppgåve, avhengig av gruppestorleik, med ca. 10 min. til spørsmål frå publikum. Presentasjonen er open for alle, fagskulen og yrkesskulen vert spesielt invitert.
Kvar prosjektgruppe lagar til heimside på nettet. Desse sidene skal opprettast som ein del av forprosjektet, og skal oppdaterast og vedlikehaldast gjennom heile prosjektperioden. Sluttrapporten skal leggjast ut her (pdf), og den endelege heimesida skal vere klar første veka i juni.